Sirdal Kyrkje
Konfirmantane i Sirdal

Konfirmantane i Sirdal

Publisert: 30. Mai 2011
Sundag 29. mai var det konfirmasjon i Tonstad kyrkje, mens i Lunde kyrkje er det konfirmasjon 5. juni. Sundag 22. mai var alle årets konfirmantar med på samtalegudsteneste i Lunde kyrkje og konfirmantfest i Kulturhuset på Tonstad

Paul Daasvand hadde ansvaret for konfirmantane denne kvelden, og han blei imponert av dei unge sirdølane. Ungdommane hadde ansvaret for det meste på gudstenesta, frå kyrkjevertar i starten av gudstenesta, til tekstlesing, bøner og heilt til innsamling av kollekten ved utgongen.
Sirdal Ungdomskor under leiing av Per Sverre Kvinlaug stod for det musikalske innslaget. Konfirmant Ruth Juliane Kydland var solist på ein av songane til koret. Etter gudstenesta gjekk turen til Kulturhuset på Tonstad og konfirmantfest. God mat og hyggelig servering, gjorde det til ein festkveld. Tradisjonen tro hjelpte fjorårets konfirmantar og føresette til med mat og servering. Takk for flott innsats.
Bilder frå samtalegudstenesta kan de sjå her:

På konfirmantfesten sundag 22. mai blei det også tid til ei lita markering av at Per Sverre Kvinlaug no sluttar som kyrkjelydsarbeidar i Sirdal. Det har han vore sidan 1. april 2000. Sidan 1. august 2010 har han hatt permisjon for å arbeide i produksjonsselskapet Sanden Media i Kristiansand, men også dette året har han hatt ansvaret Sirdal Ungdomskor. Per Sverre har gjort ein flott jobb blant konfirmantar, og barn og ungdom i den tida han har vore i Sirdal. Vi ønskjer Per Sverre Kvinlaug Guds velsigning og takkar for tenesta i Sirdal.

Bilder frå konfirmantfesten som Erling Ernst Josdal har tatt, finn du her:

Vi ønskjer konfirmantane alt god. Til Tonstad konfirmantane: Gratulerar med vel overstått, mens konfirmantane i Øvre Sirdal ønskjer vi lukke til på sundag.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)