Sirdal Kyrkje
Sirdal Blandakor på Bryne

Sirdal Blandakor på Bryne

Publisert: 2. Juni 2011 av Per Øistein
Laurdag 28. mai var Sirdal Blandakor med på konsert i Bryne kirke i lag med brynekoret Jærklang og Hjelmeland Kyrkjekor. På programmet stod keltiske songar, og Kristina Jølstad Moi var solist.

Dei tre kora song saman, og det store felleskoret talde ikkje mindre enn 65 songarar. Kvart av kora hadde også eigne korinnslag på konserten. Sirdal Blandakor har samarbeidd med Jærklang ved fleire arrangement tidlegare.

Solist Kristina Jølstad Moi framførde keltiske songar, eit liknande program som på Tonstad i februar i år. Ho hadde også med seg to musikarar.

Kora møttest tidleg på dagen til fellesøving, og ein matbit. Ca 100 tilhøyrarar møtte fram i kyrkja på kvelden for å få med seg konserten. Det er ei flott kyrkje med god akustikk. På den eine veggen er det eit stort maleri av jærkunstnaren Per Odd Aarrestad. Han har jo også har sett spor etter seg i Sirdal, både i Tonstad kraftstasjon og Eliastunet.

Bilder frå Bryne kan du sjå her. Fotograf Elisa.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)