Nyheter
12. Mars
12. Februar
22. Desember
|
![]() Friluftsgudsteneste på Homplandsheia
Publisert: 3. August 2011
av Per Øistein
Sundag er det klart for friluftsgudsteneste på Heimrestøl på Homplandsheia. Etter på blir det Naturlostur til Håghedlaren.
Det er oppmøte ved Steianvegen, like nord for Guddalsbrua. Derifrå køyrer vi samla innover Homplandsheia. Det er ca 25 minutt å gå frå der vi parkerar fram til Heimrestøl. Er det nokon som er dårleg til beins, er det mogleg å køyre litt lenger slik at det bare blir fem-ti minutts gange. Hytta på Heimrestøl er bygd i 1947, men seinare påbygd. Før det stod det ei anna bu her inne. Store og små er velkomne til gudsteneste, det er Sigurd Flydal som skal ha ansvaret for samlinga. Han er tilbake i Sirdal etter eit halvår med permisjon. Vertskapet Tordis og Johannes Hompland lover kaffi etter gudstenesta. Dagen held fram med vandring til Håghedlaren som ligg eit par kilometer frå Heimrestøl. På turen innover får ein sjå eit flott kulturlandskap og mellom anna to restaurerte løer. Kommentarer |
Kilde: www.sirdal.kyrkja.no