Sirdal Kyrkje

«Dette er så utruleg at det må vere sant!»

Læresveinen Johannes skildrar julas mysterium med desse orda: «Det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda.» Vi kallar den store hendinga i jula for inkarnasjonen, at Gud vart menneske, født som ein av oss i ein stall.

«Husk, nåderike Jesus, eg er årsaka til reisa di»

Dette er større enn tanken vår kan fatta. Kyrkjefader Tertullian seier difor om dette ufattelege som vi no skal feira: «Dette er så utruleg at det må vere sant!»

Kva var det som «det sanne lyset» viste?
Ordet fotografere er sett samen av dei to greske orda «lys» og «skrive». Direkte oversett tyder det «å skrive med lys». Jesus fotograferer Gud! Han teiknar eit sant bilete av korleis Gud er. Det som ikkje var mogleg tidlegare, å sjå Gud, vart no mogleg. Jesus seier om seg sjølv: «Den som har sett meg, har sett Far.»

Johannes skriv difor i evangeliet sitt og breva sine om det han har sett og høyrt. Han såg korleis Jesus møtte menneske med verdigheit. Korleis han førte dei som var utanfor fellesskapen inn i fellesskapen. Dei som kom med skyld, vart tilgjevne og sett fri. Dei som mangla håp, fekk håpet tilbake. Dei som mangla meining, gav han meining i livet. Dette kunne dei sjå med eigne augo. Dei såg at Guds namn er miskunn.
Ei kvinne vart ein gong spurd: «Kva var det som kjenneteikna Jesus?». Ho svarte: «Han snudde aldri andletet sitt bort frå noko menneske.»

Julebodskapet gjev oss bilete av Gud, men det seier òg noko meir. I Mozarts Requiem syng koret: «Husk, nåderike Jesus (pie Jesu), eg er årsaken til reisa di». Det var altså menneska si frelse som var grunnen til at Han som var i opphavet hos Gud, la ut på reisa ned til oss her på jorda! Til hyrdingane på Betlehemsmarkene seier engelen difor: « I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.» Jesus kom ikkje berre for å gje oss eit bilete av Gud. Han kom for å frelse.
Dette året har vi markert at det er fem hundre år sidan reformasjonen starta. Eit av kjerneorda frå reformasjonen er «trua åleine». Det er ved trua på Jesus at Gud tilbyr oss frelsa si. Ikkje ved vår eigen innsats. Og Jesus oppfordrar oss til å respondere på at han kom til jorda. Sagt med Johannes sin versjon av juleevangeliet:

«Men alle som tok imot han,
dei gav han rett til å bli Guds born,
dei som trur på namnet hans.»


Med ynskje om ei velsigna julehøgtid!   

Stein Reinertsen, biskop i Agder og Telemark

 

Salt
Det er ikkje så mange saltkorna som trengst for å gjere ein stor skilnad, skriv Ragnhild Maria Sandvik i denne vesle fasteandakten.
Du verda kor glad Gud er i ongan sine, skriv Tore Haughom i denne lille andakten.
Stående buffé
Han tilbyr sine gaver. Gratis! Dette skriver Anne Lise Myre Nilsen om i denne lille andakten. Hun er barne- og familiearbeider i Norsk Luthersk Misjonssamband, og er vokst opp på Sinnes.
Dele gode ting
Det er onsdag kveld og øving i barnekoret. ”Hva kan jeg takke Gud for?” syng barna med ivrige stemmer, og songen gjev svaret:”Alt som du er glad for kan du takke for.” Dette skriv Ragnhild Maria Sanvdvik i denne vesle andakten. Ho starta som kyrkjelydsarbeidar i Sirdal i haust.
Lasarus
Men kva teikn var det Lasarus fekk? Jo, i første omgang dette ufattelege. Han hadde fått livet. Dette skriv mellom anna sokneprest Sigurd Flydal i denne vesle andakten.
Velkomen heim
- Berre eit kjærleg og rungande: Velkomen heim, skriv Inger Solveig Høyland i denne vesle andakten. Ho har tatt til som kyrkjelydsarbeidar i Sirdal no i haust.
Begynn med meg
Publiseringsdato: 10.08.2011
Begynn med meg, skriver Paul Daasvand i denne lille andakten. Våren 2011 var han vikarprest i Sirdal.
Gud slipper ikke taket, selv om vi mennesker kan gjøre det, skriver Brynhild Berg i den vesle andakten.
"Gi sitt liv som løsepenge for mange", dette skriv dagleg leiar Per Øistein Rogstad om i denne lille andakten.
En spesiell hilsen
”Jeg døde og stod opp igjen og lever i dag fordi jeg er glad i deg som mitt barn”. Dette skriver Lauritz Bauge i denne lille påskeandakten. Bauge skal vere påskeprest i Øvre Sirdal i år.
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Tonstad Soul Children
Tonstad Soul Children
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)