Sirdal Kyrkje

«Dette er så utruleg at det må vere sant!»

Læresveinen Johannes skildrar julas mysterium med desse orda: «Det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda.» Vi kallar den store hendinga i jula for inkarnasjonen, at Gud vart menneske, født som ein av oss i ein stall.

«Husk, nåderike Jesus, eg er årsaka til reisa di»

Dette er større enn tanken vår kan fatta. Kyrkjefader Tertullian seier difor om dette ufattelege som vi no skal feira: «Dette er så utruleg at det må vere sant!»

Kva var det som «det sanne lyset» viste?
Ordet fotografere er sett samen av dei to greske orda «lys» og «skrive». Direkte oversett tyder det «å skrive med lys». Jesus fotograferer Gud! Han teiknar eit sant bilete av korleis Gud er. Det som ikkje var mogleg tidlegare, å sjå Gud, vart no mogleg. Jesus seier om seg sjølv: «Den som har sett meg, har sett Far.»

Johannes skriv difor i evangeliet sitt og breva sine om det han har sett og høyrt. Han såg korleis Jesus møtte menneske med verdigheit. Korleis han førte dei som var utanfor fellesskapen inn i fellesskapen. Dei som kom med skyld, vart tilgjevne og sett fri. Dei som mangla håp, fekk håpet tilbake. Dei som mangla meining, gav han meining i livet. Dette kunne dei sjå med eigne augo. Dei såg at Guds namn er miskunn.
Ei kvinne vart ein gong spurd: «Kva var det som kjenneteikna Jesus?». Ho svarte: «Han snudde aldri andletet sitt bort frå noko menneske.»

Julebodskapet gjev oss bilete av Gud, men det seier òg noko meir. I Mozarts Requiem syng koret: «Husk, nåderike Jesus (pie Jesu), eg er årsaken til reisa di». Det var altså menneska si frelse som var grunnen til at Han som var i opphavet hos Gud, la ut på reisa ned til oss her på jorda! Til hyrdingane på Betlehemsmarkene seier engelen difor: « I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.» Jesus kom ikkje berre for å gje oss eit bilete av Gud. Han kom for å frelse.
Dette året har vi markert at det er fem hundre år sidan reformasjonen starta. Eit av kjerneorda frå reformasjonen er «trua åleine». Det er ved trua på Jesus at Gud tilbyr oss frelsa si. Ikkje ved vår eigen innsats. Og Jesus oppfordrar oss til å respondere på at han kom til jorda. Sagt med Johannes sin versjon av juleevangeliet:

«Men alle som tok imot han,
dei gav han rett til å bli Guds born,
dei som trur på namnet hans.»


Med ynskje om ei velsigna julehøgtid!   

Stein Reinertsen, biskop i Agder og Telemark

 

Jesus og tvilerne
”Med sin tvil gir seg i lag med Jesus, begynner å følge han, varsomt skritt for skritt – usikkert og famlende. ” Dette skriver Egil Netland i denne andakten.
- Han veit akkurat kva vi treng. Dette skriv Torill H. Tjørhom om songen "Gud, din skjønnhet".
Da kan man kanskje ha mulighet for å forstå hvilken oppofrelse han gikk inn i. Dette skriver nettmedarbeider Thor-Wiggo Skille i Kirken.no, i denne lille betraktningen til 2. søndag etter påske.
Lys og mørke
Kan du lese det som står på bildet over? Det spørsmålet stiller Reidun Sirnes i denne lille andakten. Hun er nyvalgt leder for Sirdal sokneråd.
Mine sangskatter
”Min båt er så liten og havet så stort, men Jesus har grepet min hånd. Når Han styrer båten da går det så bra på veien til Himmelens stad. Den sang vi da jeg gikk på søndagsskolen, og vi synger den fremdeles. Dette skriver mellom anna Ruth Lilian Hompland om i denne andakten.
Og jeg kjenner Ham, for Han kjenner meg. Dette skriv nettkapellan Lars-Erik Espeland om i denne vesle andakten som er henta frå www.kyrkja.no
Å bli teken i mot
Tenk tanken. Du kjem til dine eigne, men du blir ikkje tatt i mot. Det har kanskje hendt at ein ei eller anna gong, ikkje har følt seg velkomen. Det er ikkje er noko særleg god kjensle. Derimot, det å få ein god klem, eit varmt smil, bli tatt godt i mot, det gjer godt.
Jula fantasi eller fakta
- Og han kom for å bli – bli i oss, bli med oss og rundt oss. Dette skriver biskop Olav Skjevesland i Agder og Telemark bispedømme i denne juleandakten.
Publiseringsdato: 15.10.2009
Vi må la oss selv få lov å kjenne på den kjærligheten han har vist, skriver Ingeborg Tonstad i denne andakten.
Jesus så de fem vennenes tro. Han så de som bar, og han så mannen som ble båret. Med noen små ord endrer Jesus situasjonen. Dette skriver nettprest Idun Strøm Sefland i denne andakten.
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Tonstad Soul Children
Tonstad Soul Children
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)