Sirdal kyrkjelyd > Kyrkjelyden > Artiklar > Artikkeldetaljer


LEDIG VIKARIAT SOM KYRKJELYDSARBEIDAR (50 %)


Vil du jobbe med noko meiningsfylt? Då ser me gjerne at du søker jobb hos oss!

Kyrkja i Sirdal har ledig eit 50 % vikariat som kyrkjelydsarbeidar for perioden 01. august 2026 til 30. juni 2027.

Arbeidsoppgåver vil vere planlegging og gjennomføring av barne- og ungdomsaktivitetar, slik som til dømes familiegudstenester, ungdomsklubb, søndagsskule og samarbeid med skule og barnehage.  Arbeidsoppgåvene vil bli forma ut frå kompetanse og interesse, og i samarbeid med annan kyrkjelydsarbeidar. 

Kvalifikasjonar

Men ønskjer oss ein kyrkjelydsarbeidar som:

  • er glad i å vere saman med barn og unge
  • har gode samarbeidsevner
  • kan jobbe sjølvstendig og strukturert
  • er kreativ og nytenkande

Det vil vere flott å ha erfaring frå kyrkjelyd- og/eller organisasjonsarbeid.

Det er krav om politiattest før tiltreding i stillinga.

Løn etter tariff.

Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar/kyrkjeverge John Birkeland (tlf. 48 18 78 87) eller kyrkjelydsarbeidar Inger Solveig Høyland (tlf. 95 20 28 65).

Søknad og CV sender du til: post.sirdal@kyrkja.no

Søknadsfrist: 03. mai 2026.

Tilbake