Alle rettigheter 2019 Sirdal kyrkjelyd

Pinsefest


For fyrste gong har me nå hatt eit tilbod i kyrkja til dei borna som fyller 5 år dette året. Dei var invitert til pinsefest og bursdag i kyrkja.

 

13 spente 5 åringar møtte opp i kyrkjestova onsdag ettermiddag. Der fekk dei byrja å teikna litt, før me gjekk inn i kyrkja for å høyra fortellinga om pinsa. I kyrkja var det pynta med ballongar sidan pinsa er kyrkja sin «bursdag».

Etterpå fekk dei laga kvar si bursdagskrone med flammar på, sidan disiplane til Jesus fekk oppleva å sjå den Heilage Ande som flammar. Vidare hadde me bursdagsleikar som å fiske godtepose og setta halen på grisen.

Borna fekk ein barnebibel som gåve frå kyrkja, og den håpar me at dei kjem til å bruka flittig!

Tilbake