Alle rettigheter 2019 Sirdal kyrkjelyd

Anne Berit tar eit års permisjon frå kyrkjelydsarbeiderstillinga


Me har hatt eit strålande år med Anne Berit på kontoret. Det å vere to stykk som jobbar i lag med trusopplæringa har vore fantastisk!

 

 

Anne Berit tok ansvar og sette seg inn i ting frå fyrste dag, og ho har kasta seg ut i nye utfordringar heile året. Ho er ein listeperson, som liker å få ting gjort, og få kryssa dei av lista.
Me har starta fleire nye trusopplæringstiltak i løp av skuleåret, og me har starta opp sundagsskule i kyrkja på Tonstad. Me har hatt Lys vaken på Kvæven for fyrste gong, bursdagsfest i kyrkja for 5-åringar, sauesamling for 3-åringar og mykje anna kjekt. Det er Anne Berit som har tatt mest ansvar på heimeside-fronten, og ho har og vore med i redaksjonen for Sirdal kyrkje og kultur. Det siste prosjektet ho drog i gong var Byttekveld på bedehuset, der folk kunne møtas og bytta klede med kvarandre. Det vart ein kjekk kveld, der dei som kom gjorde mange gode kupp.

No har Anne Berit fått jobb på Sirdal vidaregåande skule som lærar i matte og naturfag. Det er ein jobb som passar midt i blinken til utdanninga hennar. Ho har erfaring frå desse faga på Tryggheim vidaregåande skule. Skulen og elevane er heldige som får deg som lærar, Anne Berit. Me kjem til å sakne deg, og sjølv om det er ein fast jobb du tiltrer i no, så har vi eit håp om å få deg tilbake!

Uansett er vi glade for at du blir i området, og vi satser på å sjå deg ein god del likevel! Lukke til med nye oppgåver, kjære Anne Berit!

Tilbake